top of page

Audiens hos HM Kongen ifm tildeling av Gardens ur og Brigader Leif Schanches æresbevisning

Kilde: DET NORSKE KONGEHUS

Normalt blir ærevisingane delt ut i samband med Kongens årlege inspeksjon av Hans Majestet Kongens Garde, men på grunn av koronapandemien er inspeksjonen utsett inntil vidare.

Gardens Ur

Gardist Daniel Haugen frå Skien tok imot Gardens Ur for ein utrøytteleg arbeidsinnsats, ei svært god heilskapsforståing, ei utmerkt framferd, fagleg dugleik og dei særdeles gode evnene sine til samarbeid og kommunikasjon.

Brigader Leif Schanches æresbevisning

Gardesjef Flom overrekte Brigader Leif Schanches ærevising – ein sabel – til løytnant Mads Østereng Bakken. Løytnanten er til dagleg troppssjef i 3. gardekompani og har gjennomført tenesta si på ein eksemplarisk måte. Han har såleis vore eit eksempel til etterfølging for både befal og gardistar i Garden.

Utvalgte
Siste
Følg oss
  • Wix Facebook page
bottom of page